Olden gamle kyrkje, bygd 1759. Byggmeister Jon Langeland. Altertavle frå 1772, truleg av Jan Wallentin Wedel, der kyrkjeeigaren Peder Pederson Tonning har fått initialane sine PPT plasserte midt på tavla. Preikestol frå 1772, skriftestol frå mellomalderen, to altarlysestakar frå 1600-talet, fleire portrettmåleri frå 1600-1700-talet. Kyrkjeklokker frå 1663 og 1722.
Kyrkjestolar frå 1759 med hattehengjarar og inngangsstolpar. Første kyrkja i Olden vart bygd på 1200-talet.